mandag 4. februar 2013

San Fransisco

No har vi vore i San Fransisco nokre dagar! Jon Øyvind møtte oss her, og det var kjekt! Det var overgang temperaturmessig å komme her. Kaldt! Vi måtte på Starbucks og kjøpe varm kakao, og det har blitt eit par koppar med det. Ellers har vi shoppa ein del (Urban Outfitters <3), tatt trikk, sett sjøløver, kjørt segway i Golden Gate Park, spist is i Mission, sett fine hus på Alamo Square (med på Full House-intro), vore på Alcatraz øya og fengselet der, gått på Golden Gate Bridge, vore på Walt Disney Museum, og sett huset som er med i filmen Mrs Doubtfire. Alt vi har rukke! Intrykket av byen generelt er at den er fredelig, ryddig og fin. Vi har det fint, og om ikkje lenge er vi heime i Norge igjen. Då blir det enda kaldare... :)































fredag 1. februar 2013

Costa Rica 4

Då er vi komt tilbake til San Jose, og sagt hade til surfecampen. Tiden der gjekk kjempefort, og vi har hatt det supert! Costa Rica er som paradis. To dagar begynte surfekurset kl. halv seks, i måneskinn og til lyden av brøleaper. Dei to siste dagane var vi "på utsiden" av bølgene. Altså før dei bryter. Det var både skummelt og gøy! Ein an ting som var skummelt og gøy er zip-lineturen. Vi hang på ei line og kjørte høgt over bakken, fra eit tre med plattform til eit anna. Var fin utsikt, når eg klarte å slappe av og tenke på det :) No er vi klar for å surfe meir, og har lyst å ta ein tur til Stadt i sommar! Men først, San Fransisco!













tirsdag 29. januar 2013

Costa Rica 3

Vi har det fortsatt fint :) Tar tid å lære seg å surfe, så surfebilder lar vente på seg, men det er verdt å vente på. Vi har dusj uten tak, og det er ganske kult å dusje under åpen himmel. Om kveldene er vi ute å spiser middag. Har vært to ganger borte i nabohuset, som blir til restaurant torsdag, fredag og lørdag. God mat, og koselig stemning med livemusikk. Ellers tar vi taxi på dei humpete veiene inn til Santa Teresa. Det er mange hundar som går løs rundt omkring her, men dei er ikkje løshundar, dei har halsbånd og er snille. Ein dag var vi i eit naturreservat, Cabo Blanco heiter det. Vi såg apekattar, iguanar, hjort, rart-nesten-som-maurslaukar-dyr og mange mange salamandere. Kjekt å sjå dyr i sitt naturlige element og ikkje i bur i dyrehagar. Vi gikk langs ein sti og stoppa når vi hørte lydar, var ikkje alltid vi såg kva som lagde lydane. Ellers går det i surfing, og på fredag skal vi på tur til Montezuma Waterfalls og ta zip-line (sånn line som ein kjører på) :) På lørdag drar vi til San Jose, og søndag blir det San Fransisco.

















torsdag 24. januar 2013

Costa Rica 2

Her på Lapoint surfecamp er det fint å vere :) Hengekøyer og avslapping, med frokost klokka åtte, lunsj klokka tolv og yoga annankvar dag halv tre. Eller det er hard trening og, det fikk vi erfare då vi surfa i dag. Det var veldig tungt for armar og bein, men kjempegøy når vi kom oss opp på brettet og fikk til å stå! Det var mest prøving og feiling, ser mykje lettare ut enn det er, men vi kom oss opp eit par gangar. Etter vi hadde surfa spiste vi lunsj, og då var det tungt å helle saft oppi glasset, så trøtt var vi i armane ;) Yoga var det og i dag, eg er ikkje akkurat mjuk, men det gikk no på eit vis. I ettermiddag var vi ein liten tur til nede på stranden, og eg merka litt framgang og kom meg opp fleire gangar. Kristine smurte seg med faktor 50 i dag, men blei fortsatt veldig solbrent på ryggen og i ansiktet. Vi skal sjå om vi får kjøpt ein surfesolkrem som vi har fått anbefalt. Eg blei rød i kinna. Vi slår kneet når vi hoppar opp på brettet, og når vi går utover forbi bølger slår brettet litt inn i sida, så litt blåmerker blir det nok. Men men, tenker ikkje på det når vi er i vatnet. Bilder kjem når vi har blitt flinkare, og tar med kamera ned :)

Ellers er det lite vatn her, regntiden varte visst bare to veker, så vi må spare på vatnet og dusje fort. Hadde tenkt å ta med sigar heim fra Cuba, men fant ut at det ikkje er lov å ta med kubanske ting til USA, så vi måtte legge dei igjen på hotellet i Havanna. Trur ho som gjorde reint på rommet blei glad for det.









onsdag 23. januar 2013

Costa Rica 1

No er vi komt fram til Santa Teresa og der vi skal surfe! Hotellet vi sov på i natt i San Jose var veldig fint, og vi gledar oss til frokostbuffet og overnattingen vi skal ha der 2. februar ;) Vi har ikkje tenkt å forlate hotellet, for byen såg ikkje så koselig ut. Turen fra hovedstaden og til kysten var humpete og varm, ei ferge og eit motorstopp fikk vi oppleve. Det er ei fin strand her, Playa Hermosa, og eg gledar meg til å prøve bølgene! Der vi bur er det eit lite basseng, og 300 meter å gå til stranden. Det er mange svenskar her. Håpar alle heime har det bra! PS: viss nokon lurte så er grunnen til at all teksten kjem først i ein klump og at bildene kjem etterpå med store mellomrom at mobilappen ikkje gir meg andre valg.









tirsdag 22. januar 2013

Cuba

Det var visst ikkje så populært med Internett på Cuba, men no er vi komt til Costa Rica og her er det andre bollar! Her kjem litt bilder fra dagane på Cuba. Vi var på ein rundtur på øya, og i reisegruppa vår var det unge jenter fra mange ulike land. Vi budde tre netter heime hos folk, i casaer. Det var litt språkutfordringar der, som då dama vi budde hos snakka masse om noko med "anjo" og vi skjønte ingenting. Til slutt skjønte vi at ho bare ville gratulere Kristine med dagen :) Vi har vært på Che Guevara-museum, snorkla utenfor Trinidad, sett på nyklassisistisk arkitektur i Cienfuegos og kjørt gammal amerikansk bil i Havanna. Ellers har vi sett mange folk som dansar salsa og spelar kubansk musikk, funne ut at månen er annleis her - som eit smil, at hestetaxiar er vanlig, at bananchips er godt (dei har det istadenfor pommes frittes), og at folk selger mykje rart på gata, som for eksempel plastikkposar. Guiden vår, Ivan, var veldig flink og grei. Han var ingeniør før, men tjente ikkje nok, så han blei guide og no tjener han bra, spesielt med tanke på tips fra turistane. Det har vært kjempeinterresant å sjå og lære om landet! Men var godt å komme fram til Costa Rica no, og i morgen tidlig drar vi til surfecampen :)